27. - 30. juli 2017

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Program 2017

Billettar og Festivalpass

Det vert ikkje førehandsal av billettar, ein kjøpar billett i døre.

Sal av festivalpass utanfor Ekspedisjonen Skjenkestove på torsdag frå kl. 19:00.
Kr. 1150,- for alle arrangement.

Arrangør:

Morellfestivalen 2014, boks 9, 5787 LOFTHUS I HARDANGER, Kontaktperson Trond Instebø: 92038505, post@morellfestivalen.no, www.morellfestivalen.no

I samarbeid med: 10 klasse foreldre, Lokale eldsjeler, Ullensvang Ungdomslag og Ullensvang Lions Club.

Helikopterturar

Fonnafly tilbyr luftige turar over Lofthus

Torsdag 27. juli

Kl 20.00
Opningskonsert
Stein Torleif Bjella med band
Opning og utdeling av Morellfestivalens heiderspris
Lun og sjarmerande visekunst på Ekspedisjonen Skjenkestove
Inngang 300,- bill i døre

Sal av festivalpass - Kr. 1150,- + avg. for alle arrangement.

Fredag 28. juli

Kl. 17.00
Festivalområdet opnar og Frode Aga grillar ved teltet.

Kl. 17.00
Hardangerauksjon
Kjell Fuglehaug auksjonerar vekk gamle gjenstandar frå Hardanger i festivalteltet.
Har de noko de ynskjer å auksjonere vekk? Ta kontakt med Leif Lutro på tlf: 90956491,eller på post@morellfestivalen.no. Fyrstemann til mølla. Maks 5 gjenstander per person.

Kl. 21.00 (dørene opnar kl 20:00)
Morellshow på utescena

Morellshow med Bare Moro Impro ( BMI)
Musikalsk impro med Emil Berntsen, Christian Mikkelsen, Olav Svarstad Haugland og Leo Magnus de La Nuez
Presentasjon av årets gjester og artistar

Sound of the 70`s spelar til dans i teltet.
Sal av mat og forfriskingar
Ekspedisjonen er open og inne på festivalområdet.
Aldersgrense 18 år. Leg. plikt.
Bill: 375,-

Me oppmodar publikum om å møta fram til programmet i god tid.

Laurdag 29. juli

Konferansier for dagen: Sigurd Sollien

Kl. 09.00
MikkelFrukost i festivalteltet
Mikkel og Mikkeline kjem å et morellfrukost med deg.
Pris kr. 175,- born under 15 år 100,- born under 6 år gratis.
Billetten inkluderer også inngang på festivalområdet.
Inngang marknad: 125,- for vaksne, born under 15 år 50,- born under 6 år gratis

Kl. 10.00
Festivalplassen med salgsboder opnar for publikum
Frode Aga lagar og sel grillmat.

Kl. 10.00
Kvalifisering NM i morellsteinspytting alle klassar
Eigen spyttebane for born.

Kl. 12.00
Minikonsert med Tuva Lutro på Ekspedisjonen Utestove

Kl. 14.00
Lothepus på heimebane
Lothepus med "Farmenvener" i teltet

Kl. 16.15
Finale morellsteinspytting med morellseremoni

Kl. 17.00
The Apples spelar på Ekspedisjonen Utestove
Bill: 150,-

Kl. 21.00 (Dørene opnar kl. 20.00)

Odd Renè Andersen SHOW på utescena
Norges fremste vokalist med band

Dans til Rakkadeis i teltet
Sal av mat og forfriskningar.
Aldersgrense 18 år. Leg. plikt.
Inngang kr. 425,-

Me oppmodar publikum om å møta fram til programmet i god tid.

Bubilcamp på Fruktlageret

Mot ei lite avgift kan du stå med hus på hjul på Ullensvang Fruktlager, straum og toalett er tilgjengeleg.

Takk til dei som gjer det mogeleg

       

Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove