27. - 30. juli 2017

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Morellfestivalen inviterer til folkefest for 21. gong

- Lofthus i Hardanger, 28-31. juli 2016

Morellfestivalen gjer som hoppsportarrangørane i Vikersund og Planica; dei tilpassar arenaen for å oppnå ekstra gode lengder. Etter fleire år med innandørs spytting, valde Morellfesitvalen i 2015 å flytta spyttebanen utandørs for å få «løft på steinen». Og for ein suksess ! Spytt rundt 13,50 m vart notert. Forventingar om ny norgesrekord har difor aldri vore større enn no. Konferansier for NM i morellsteinspytting er som alltid vår eigen morellentusiast Sigurd Sollien.

Tittelforsvarar og no trippel norgesmeister i herreklassen, fysikar og TV-kjendis Andreas Wahl, har sidan 2011 revolusjonert sporten med teknikk og eksepsjonell innsikt i dei fysiske lovene. Med eksplosive armrørsler og ein utgangsvinkel for spyttkurva på mellom 43 og 44 grader, er det lenge sidan sporten har hatt ein betre teknikkar ! Rapportane tyder på at treningsgrunnlaget er sjeldan bra og at han stiller sylskarp og rekordsugen til årets konkurranse.

Tusenvis av morellsteinar vil hagla gjennom lufta denne helga. Morellsteinspytting er den sterkast veksande folkesporten i Noreg, men står framleis ikkje på OL-programmet, utan at det betyr at morellsteinspytting manglar ambisjonar og profesjonalitet. Medan amatørane nøyer seg med nokre få oppvarmingsspytt før den store konkurransen, har dei profesjonelle utøvarane utvikla sporten til meir eller mindre heilårsidrett. Den største ambassadøren for morellspytting er heimbygdingen Sverre Kleivkås - norgesmeister heile 4 gonger ! Rekordspyttet hans på 14,24 m frå 2003 står framleis som historiens lengste spytt på norsk territorium, men med utandørs bane og betre oppdrift reknar arrangøren i år med at rekorden vert slått. Morellfestivalen går av stabelen siste helga i juli. Staden er Lofthus og her skal nye norgesmeistrar i morellsteinspytting kårast !

Morellfestivalen er "norges søtaste festival» og tilbyr eit fyldig program over tre dagar. Programmet er innhaldsrikt og underhaldande for både små og store.

Det Betales opnar det heile med norsk Beatles-hyllest på utecena til Ekspedisjonen torsdag kveld. Her vert også den offisielle opninga, saman med utdeling av Morellfestivalens heiderspris.

Fredagen startar med kokkekamp i regi av Frode Aga, med påfølgjande auksjon av antikvitetar og snurrepiperier under kyndig leiing av Kjell Fuglehaug. Fjorårs suksessen med tunkonsert på Alvavoll held fram, og i år er det sjølvaste Odd Nordstoga m/band som spelar. Kvelden held fram med musikalsk improshow (BMI) på Ekspedisjonen Utescene. Andreas Wahl vil også visa fram eit elektrisk freakshow. Her vert det elektrisk stemning og intens trimming av lattermusklane, medan Aristocats dreg i gang dansen i festivalteltet.

Påfølgjande morgon vert det frukost med Mikkel og Mikkeline. Utover laurdagen går det slag i slag med eit rikhaldig program, yrande folkeliv og ein marknadsplass som byr på spanande produkt og mykje å smaka på. Og ikkje minst skal det etast moreller ! Av mange høgdepunkt vil me gjerne trekkja fram minikonsertane med boybandet og MGP-artisten Suite 16 og vår lokale IDOL-deltakar Olav Andrè Eidnes, samt vitenskapsshowet til Andreas Wahl. Dagprogrammet vert avslutta på Ekspedisjonen Utestove og intimkonsert med stjerneartisten Elvira Nikolaisen.

Seinare på kvelden vert det «Frankie»-faktor og full fyr i festivalteltet. Då er det «den nye Beat for Beat-generalen» Atle Pettersen og hans 11 manns orkester som inntek scena. Deretter vert det dans med det unge, suksessrike og countryinspirerte bandet Branson.

Velkomen til Morellfestivalen - norges søtaste festival !

Takk til dei som gjer det mogeleg

       

Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove