27. - 30. juli 2017

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Om Festivalen

Om oss

Morellfestivalen 2012 består av:

Per Olav Opedal - Festivalgeneral
Trond instebø - Generalsekretær
Magnus Opedal - Økonomisjef
Harald H. Opedal - Marknadsjef
Jostein Lutro - Messe- og aktivitetsjef

Kontakt: post@morellfestivalen.no

Historie

Dei visste ikkje kva dei sette i gang dei som i 1996 hadde idèen til ein Morellfestival på Lofthus. Den opprinnelege tanken var å skapa ein årleg aktivitet for å fremja kunnskapen om morelldyrkinga i Hardanger. Dette står ved lag, men mykje har kome til det som i dag vert kalla «Norges søtaste festival».

Det største trekkplasteret gjennom alle år har vore NM i morellsteinspytting. Førstemann til å smykka seg med NM-tittelen var Ronny Boge frå Steinvik i Fusa, som i 1996 spytta morellsteinen 9,80 meter. Etter dette har morellsteinspyttinga vore i ei rivande utvikling. Spytteteknikken er perfeksjonert, lengdemålinga digitalisert og konkurransen ein av dei sterkast veksande folkesportane i Noreg. Det vert konkurrert i 3 klassar (junior, damer og herre), og det er hyggeleg å sjå at spyttekonkurransen dreg folk frå alle kantar av landet.

I takt med at kvite plastflak gjer sitt inntog i den vakre Hardangernaturen, og lokkande morellbuer kjem på plass langs vegen, veit alle at Morellfestival er i emning. «Norges søtaste festival» går alltid av stabelen siste helga i juli, og staden er Lofthus sentrum. Tusenvis av morellsteinar haglar gjennom lufta denne helga. Medan amatørane nøyer seg med nokre få oppvarmingsspytt før den store konkurransen, har dei profesjonelle utvikla sporten til meir eller mindre heilårsidrett. Den største ambassadøren for morellspytting er heimbygdingen Sverre Kleivkås - norgesmeister heile 4 gonger ! Rekordspyttet hans på 14,24 meter frå 2003 står framleis som historiens lengste morellsteinspytt på norsk territorium.

 

Morellfestivalen går no over 3 dagar, og tilbyr eit svært innhaldsrikt program for både små og store. Marknadsplassen byr på spanande produkt og mykje å smaka på. Og ikkje minst skal det etast moreller ! Om det er tilfeldigheiter eller ikkje - det skjer alltid i strålande sommarvèr! Når festivalen no nærmar seg 20 års jubileum har det berre vore dårleg vèr ein einaste gong. Då er det ikkje så rart at festivalgeneral Per Olav Opedal alltid går høgt ut med garantiar om den beste festivalstemninga.

Ein annan føresetnad for å lukkast er alle eldsjelene som stiller opp for Morellfestivalen. Bygdefolket gjer meir enn gjerne ein dugnadsinnsats. I tillegg har me mange gode hjelparar som stiller kvart einaste år. TV-kjendis Sigurd Sollien er konferansier under NM i morellsteinspytting, kjendiskokkane Frode Aga og Lise Finchenhagen syter for maten, fysikar Andreas Wahl underheld både store og små med lange spytt og sine vitenshow, og Kjell Fuglehaug held trådane i alt som skjer frå scena.

Velkomen til Morellfestivalen - Norges søtaste festival!

Takk til dei som gjer det mogeleg

       

Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove