27. - 30. juli 2017

Lofthus i Hardanger

Hardanger

Lofthus og Hardanger

Lofthus ligg midt i hjarta av fjordlandskapet i Hardanger, og er den største fruktbygda i Norge. Fruktbløminga i Hardanger er verdskjend. Den ferdige frukta kan kjøpast, saman med andre lokalt produserte varer, direkte frå produsent eller gjennom gardsbutikk.

Lofthus

Men Lofthus er meir enn frukt. Her er eit rikt og variert næringsliv med mange ulike tilbod om overnatting og servering. Her er det hytter med tilgang til fjell og fjord, her er skjenkestove og gjestehus, gjestehamn, campingplass, badestrand, ei vidkjent kyrkje vandrarheim og hotell. Her er museum og andre attraksjonar. Lofthus har eit rikt kulturliv og er mellom anna vertskommune for den årlige Hardanger Musikkfest, ein kammermusikkfestival der Europas beste utøvarar møter publikum til kulturelt og sosialt samvær. Morellfestivalen er sommarens høgdepunkt på Lofthus, her får morellene, fastbuande og vitjande oppleva ein sjarmerande festival som er tufta på dugnad og det naturen i Hardanger og Lofthus gjev.

Natur

Lofthus er og innfallsport til dei to nasjonalparkane: Hardangervidda og Folgefonna, og her er eit rikt og variert turterreng. Hardanger Fruktsti er ein temanatursti på seks språk som tek deg med på ein lokalhistorisk vandring gjennom hjarta av norsk fruktproduksjon. Frukstien kan kombinerast med ein tur til dei kjende munketreppene, eller vidare opp på Hardangervidda.

For meir informasjon om Lofthus, Ullensvang og Hardanger:

www.visitullensvang.no »

www.hardangerfjord.com »

Takk til dei som gjer det mogeleg

       

Elmero Frisør | Inst.Johs. Ystanes AS | Tunvoll Trimstove | Ullensvang Frisørsalong | Rutle VVS | Lofthus Auto | Esso Kinsarvik | Lofthus Camping | Lofthuskiosken | Ekspedisjonen Skjenkestove